Den siste tida har elevane i dei eldste klassane hatt temaet «luft i rørsle» i naturfag. Sist torsdag var det klart til forsøk med å lage varmluftsballong i lag med Randi. Etter mange ulike modellar og forsøk vart det endeleg suksess – berre sjå på bileta. Trur det er første gongen det har sveva heimelaga varmluftsballong over taket på Gammelskulen!