Sesongens første balleik samla nesten samtlege ungar i 1. til 3. klasse i gymsalen i kveld. Her var det full aktivitet frå første minutt. Nina Ryan og Ola Dalsegg var kveldens ansvarlege, og kveldens hovedaktivitet var handball. Her var det mykje godt handballpotensiale, så med litt mer trening klarar kanskje Todalen å stille eige handballag?
Til slutt vart det trampolinehopping og litt frileik før dei eldste kom og tok over gymsalen.
Oppmøtet for de frå 4. klasse og oppover vart litt dårlegare, då det kolliderte med Start 4H sitt klubbmøte. Men dei som møtte utfordra dei vaksne til ein real runde med kanonball.
Neste veke blir balleiken flytta til TYSDAG til samme tid grunna anna arrangement på biblioteket måndag kveld. Kl 17.30 for 1.- 3. klasse, og fra klokka 18.30 for dei over 4. klasse. Merk ny tid!