Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har kvar torsdagsveld «balleik» i gymsalen ved Todalen skule. Dei to siste torsdagane har oppmøtet vore litt påverka av koronasituasjonen og det faktum at somme har fått påvist smitte, men aktivitetsnivået og innsatsen til dei som har vore på «balleik», har likevel vore upåklageleg.
I kveld var det åtte barn og unge som hadde teke turen til gymsalen for å få litt fysisk aktivitet, før vinterferien tek til i morgon ettermiddag. Først var det oppvarming med kanonball og litt basketballkasting.
Etter at oppvarminga var unnagjort, laga Anders og Finn aparatløype med forskjellege øvingar, før kvelden vart avslutta med «vestesura» og stikkball.
Medlem i Todalen.no –