Torsdag 13. januar frå klokka 18:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Tilbodet er for alle barn og ungdom frå 6 år og oppover. Det blir allsidig aktivitet etter ønske.
På grunn av koronasituasjonen blir det ikkje høve til å dusje etter balleiken, og alle må ha med seg eigen drikke.
Barne- og ungdomsgruppa ønsker alle barn og unge velkomne på balleik!