Balldagen på tysdagar er godt etablert på Todalshytta, seier Arve Evensen som er dageleg leiar på Todalshytta. Kjell Arve Vikavoll har traktert ballgryta sia starten, og har fått mange positive tilbakemeldingar på sine balloppskrifter som han egentleg har etter bestemora.
På balldagane kan du sjølv velge om du vil ha potetball eller sildball, og kva som er best er faktisk smak og behag, seier Vikavoll, og konkluderer med at det du er vant med nok er det beste i det lange løp.
Litt forskjell er det nok på potetball og sildball, og tilbhøret er det også litt forskjell på. Til sildballen serveres det stekte baconterninger, medan potetballen serveres med skank og grovpølse i tillegg. Arve seier at intensjonen er at vi skal ha nok til alle, men på Todalshytta tek dei gjerne mot bestilling på telefon 929 97 550 i forkant.