Sildballmiddag er tradisjon når Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag avsluttar sommarsesongen. Dessert denne gong er filmglimt frå Eistein Bæverfjord sin rike produksjon. Trekning av årets utlodning avrundar dagen.
Til ballgrytene har Kåre Bøklepp skaffa silda og Skrøvsetfolket potetene. Gunnvor, Ragnhild og Edna sørgjer for velsmakande og altså kortreist bøfjordmiddag. Gåvebordet til basar-trekninga bugnar av flotte gevinstar.
Kulturpersonen Eistein Bæverfjord er dagens hovudaktør. Frå sin enorme filmproduksjon viser han den sosial-engasjerte “Rehab”-filmen – som medaktør Trine Glåmen vil kommentere. Så blir publikum med på “Brudefærden” frå St. Hanskvelden 2009 – da Ingunn Reiten og Bjarte Fjærli nytta jomfruturen med kyrkjebåten “Hjelmkonnå” til like godt å gifte seg i Åsskard-kyrkja. Litt gammel filmreklame frå Surnadal kino (1950-, 60- og 70-talet) blir også med – bl.a. ein presentasjon av Bøfjord-bedrifta ÅSI-Tre.
Historielaget ventar storinnrykk av ball-svoltne og kulturinteresserte på museet denne dagen!