Rekordtidleg start med balldag på Todalshytta i år! Tysdag 1. februar inviteres det til en balldag full av mulegheiter – for det første kan du kan velge om du vil ha sildball eller potetball! Og ikkje nok med det, du kan også velge om du vil spise i restauranten på Todalshytta – eller om du vil ta middagen med deg heim – «takeaway» på godt norsk. Det blir servering i tidsrommet kl 15.00 til 18.30.
Det er nok dei to nye varmepumpene som gjer det muleg å lage balldag på Todalshytta midt på vinteren. – Vi skal klare å halde komfortabel varme både i peisestua og i speisesalen, og gler oss til å kome i gang med ny sesong, sjølv om det er ei god stund til vi egentleg kan møte våren igjen, seier Arve og Kjell Arve som ønsker alle velkomne til ballopning på Todalshytta 2022!