No er det full fart på ballgrytene på Todalshytta – frå kl 15 og utover er det klart for servering av både sildball og potetball med tilbehør. Da vi stakk innom i føremiddag var det full aktivitet på kjøkkenet og ikkje minst så var det rette lukta – det dufta sildball og potetball da vi var innom og helsa på kokken Kjell Arve Vikavoll.
Det var også godt med tilbehør, for det var både skank, stekt bacon og potet og kålrabi. Det er berre å gle seg på ballmiddag. Det var faktisk kome inn ein del bestillingar, og vil du være sikker på å få servert ball, så kan det være lurt å ta kontakt med Arve på Todalshytta – telefon 929 97 550 med ei bestilling.
Som sagt startar serveringa kl 15:00 og pågår til kl 18:30. Velbekomme!