Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bakken er snart klar for bruk, i Todalen…

Elinor Bolme Sundag 3. januar 2016

Dei lokale snøprodusentane Bergli og Ranes melder om fine forhold i akebakken på skulen no i kveld. Dei har i tråd med vêrmeldingane og muligens ved å følgje med på konkurrentane ved større anlegg, sett snøkanonen i full produksjon ved akebakken i Todalen Oppvekstsenter.

I ei pressemelding til redasjonen skriv dei: Første time av snøproduksjon på Todalen oppvekstsenter ser lovende ut. Rød, grønn og svart løype er åpen. Ingen heis, men trapp helt opp. Ingen aldersgrense 🙂

Det betyr at skuleungane som har oppstart på tirsdag med rette kan ta med bobledressen og polvottane for her blir det aking på topp kunstnø frå lokale snøprodusentar.

IMG_2931

Småskala snøproduksjon

IMG_2934

Når bakken ikkje er større enn denne, går det noko å få kvitt dekke.

IMG_2937

Produksjonen går for fullt.

IMG_2935

Finfine forhold for produsjon no når gradestokken i kveld kryp ned mot minus 10 grader.

 

Publisert: 3. januar 2016, 21:16