Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bakels med graut på Skihytta på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. juni 2024

Laurdag 22. juni frå klokka 11:00 og to til tre timar utover, inviterer driftsstyret for Todalen Idrettslag si Skihytta til årets «bakelsdag», der dei serverer gratis kaffe og bakels med graut!

Det er altså driftsstyret for Skihytta som står som arrangør, så har du lyst på bakels og graut før middagen laurdag, så er det berre å ta turen til Skihytta!

Vêrmeldingane på yr.no for laurdag ser ikkje så aller verst ut, og det ser ut til at det ikkje blir noko nedbør før eit stykke ut på ettermiddagen. Men her kan det nok vere lurt å sjekke humøret til vêrgudane når det nærmar seg laurdag! 

 

Først publisert: 18. juni 2024, 05:00 - Sist oppdatert: 17. juni 2024, 20:57