Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bakels med graut på Skihytta laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. juni 2024

Laurdag hadde driftsstyret for Todalen Idrettslag si Skihytte teke på seg spanderbuksene, og inviterte til gratis kaffe og bakels med graut på Skihytta. Det var Knut Halset som var grautkokar, og alle rapportane seier at grauten var heilt fenomenal! 

Fint på verandaen på Skihytta, og gode bakels! Foto: Mari B. Redalen

Eit knapt tjuetal var innom og fekk servert kaffe, bakels med graut og saft i løpet av dei tre timane det var servering. Det var skikkeleg fint turvêr, så dei som tok turen til skihytta i dag fekk ein fin fjelltur. 

Knut i full gang med å steike bakels! Foto: Mari B. Redalen

Du kan sjå fleire bilete frå «bakelsdagen» på skihytta under: 

 

 

 

Publisert: 22. juni 2024, 15:00