Vi har fått melding frå Martinus Torvik i Eldremiddagen pr e-post i dag: «Førstkomande onsdag byr Eldremiddagen i Sanitetshuset på bakalao, koka på skinn- og beinfri torsk frå Tustna og med potet frå Kjell og Johan. Har du lyst til å dela bordsete med oss, ta kontakt med ei av kokkene Brit, Bodil, Grete eller Karen Johanne. Naturlegvis høyrer kaffe og ei litt spesielt baka blautkake med. Helsing Martinus». Så, dermed er du invitert!