Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Baill for aill på tysdagar

Baill for aill på tysdagar

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2012

Sist fredag var det klart for opning av ny sesong på Todalshytta. I år som i fjor og dei siste åra er det Åse Grydeland Øyen som er vertinne og drivar.  Ho måtte nok tjuvstarte den nye sesongen litt, for torsdag 14. kom mange laksefiskarar til hytta. Dei skulle ha med seg starten på laksefisket i Toåa. Årets laksefiske starta nemleg natt til fredag, og da stod dei nok klare på elvekanten. Åse fører vidare tradisjonen med bailldag på tysdagar. Potetballen er fast på menyen kvar tysdag gjennom heile sommaren, og det setter folk stor pris på, både todalingar og andre. 

 

Da kjem det folk frå fjærn og nær, langt utafor Todalens grenser for å kjøpe seg potetbaill, fortel Åse som no driv Todalshytta på 10. året. Den serveres med stekt flesk, stekt løk og sjølvsagt potet til.  Åse fortel at mange reagerer på at det serveres stekt løk til potetbaill, men det er ein tradisjon ho har med seg frå heimplassen i Nord-Trøndelag. Og det er sjølvsagt frivillig med løk, men det er faktisk godt og det anbefales å prøve.

Elles tilbyr Todalshytta dagens middag mellom kl 14-18, frå tysdag til søndag. Laurdagar er det fast meny med rømmegraut med spekemat til. Elles er det også salg av smårettar, kaffe og bakels og andre forfriskningar. Sjølvsagt tilbys også overnatting, og det er totalt 34 sengeplassar til disposisjon på hytta.

Todalshytta har vorte ein fin samlingsplass for laksefiskarane i Toåa. Mange av dei bur her når dei er her på fiske, og det er nok ein populær samlingsstad for 10-kaffe og når det elles er behov for pause i fisket. Todalshytta har lang tradisjon for å huse laksefikarar, og det er nok mykje laksehistorie i veggane på den gamle hytta som vart bygd så tidleg som i 1901.

Publisert: 20. juni 2012, 20:31