Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Baill fær aill» i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. april 2015

Det var til tider lang kø under sildballdagen i ungdomshuset laurdag. Det var Todalen I.L. som inviterte, og jammen var det respons på den invitasjonen. Kjøkkengjengen starta alt fredag kveld med førebuingane og storstila potetskrelling og laurdag hadde dei alt klart til gjestane kom i 15-tida. Dei var litt usikker på det endelege gjestetalet, men dei konkuderte med at minst 70-80 hadde vore innom for å kjøpe ball.

Da kan vi konkludere med at minst kvar fjerde todaling hadde vore innom i løpet av dei par timane det var servering. På kjøkkenet var det Åse redalen og Ragnhild A. Moe som rådde grunne, men dei hadde mange gode hjelparar, både til potetskalinga og til sal og rydding.

Det vart altså servert god gammeldags sildball med kålrot, gulrot, potet og stekt flesk som tilbehør, og du kunne velje forskjellige slag drikke som tilbehør. Som ekstrautsyr kunne du spe på med dessert og kaffe, dersom du ønska det.

Vi har lagt ut eit bildegalleri frå sildballdagen og litt frå aktivitetane på kjøkkenet.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 18. april 2015, 20:11