Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Både triveleg og skummel halloweenfest

Dordi Jorunn Halle Sundag 8. november 2015
IMG_7169

Skumle hekser! Selma og Maria. Foto: Dordi J.H

Søndag var det halloweenfest i Gammeslskulen. Skumle beinrangel, nifse hekser, spøkjelse, tøffe karar og andre fine og skumle typar møttest til dyst. Bra arrangementet gjekk føre seg medan det var lyst! Men sjølv om det var mange skumle, nifse og tøffe typar som kunne skreme vitet av ein og kvar, så viste det seg etter kvart at alle var snille, og det vart ein retteleg triveleg ettermiddag.

IMG_7130

Hjelp – det er lett å bli redd av mindre! Foto: Dordi.J.H.

IMG_7137

Same kor skummel ein er, så er det godt med gode kaker. Frå venstre: Shan Allan, Johan og truleg Van Adrian. Foto: Dordi J.H,

Line Marie Kvendset og Justyna Krajewska  var initiativtakarar og arrangørar i samarbeid med Skulstuå. Dei hadde pynta både inne og ute med spøkjelse, ballongar og kulisser. Utvalget av gode og  flotte pynta kaker var stort og rikhaldig. Om lag tretti personar møttest til hyggeleg og sosialt samver. Spesielt var dette dette ein kjekk dag for dei yngtse, og mange hadde nok kosa seg stort heime med utkleding før festen!

IMG_7147

På trappa møtte vi ein kanskje litt snill katt, batman, spiderman og ein nifs gorilla.
Frå venstre: Fredrik, Trygve Aleksander, Jens Sancho og Sivert. Foto: Dordi J.H.

IMG_7175

Håret har skifta farge og det er ikkje lett å vere skummel heile tida.
Frå venstre: Maria, Lisa og Aleksandra. Foto: Dordi J.H.

IMG_7133

Justyna var med og arrangerte halloweenfesten. Her i lag med dottera Aleksandra. Foto: Dordi J.H.

IMG_7138

Flott utkledning på Sandstadjentene. Mor Laila og Maria. Foto: Dordi J.H.

IMG_7153

Kaffelag og triveleg prat. Foto: Dordi J. H.

Da er det berre å gle seg til ny halloweenfest om eit år.

 

Publisert: 8. november 2015, 22:23