Søndag var det halloweenfest i Gammeslskulen. Skumle beinrangel, nifse hekser, spøkjelse, tøffe karar og andre fine og skumle typar møttest til dyst. Bra arrangementet gjekk føre seg medan det var lyst! Men sjølv om det var mange skumle, nifse og tøffe typar som kunne skreme vitet av ein og kvar, så viste det seg etter kvart at alle var snille, og det vart ein retteleg triveleg ettermiddag.

Same kor skummel ein er, så er det godt med gode kaker. Frå venstre: Shan Allan, Johan og truleg Van Adrian. Foto: Dordi J.H,
Line Marie Kvendset og Justyna Krajewska var initiativtakarar og arrangørar i samarbeid med Skulstuå. Dei hadde pynta både inne og ute med spøkjelse, ballongar og kulisser. Utvalget av gode og flotte pynta kaker var stort og rikhaldig. Om lag tretti personar møttest til hyggeleg og sosialt samver. Spesielt var dette dette ein kjekk dag for dei yngtse, og mange hadde nok kosa seg stort heime med utkleding før festen!

På trappa møtte vi ein kanskje litt snill katt, batman, spiderman og ein nifs gorilla.
Frå venstre: Fredrik, Trygve Aleksander, Jens Sancho og Sivert. Foto: Dordi J.H.

Håret har skifta farge og det er ikkje lett å vere skummel heile tida.
Frå venstre: Maria, Lisa og Aleksandra. Foto: Dordi J.H.
Da er det berre å gle seg til ny halloweenfest om eit år.