I går ettermiddag hadde Todalen Sanitetsforening si årlege innsamling av kleder til Estland i Sanitetshuset. Mange kom, men det vart nok ingen rekord som tidlegare år denne gongen. Men nesten 80 sekkar innkome gjer likevel nytta for dei som ikkje har like stor overflod i Estland som oss her heime.
Uteområdet fekk også ein liten finpuss før våren sett inn for fullt. Veret var ikkje optimalt for dugnad, men dei frammøtte sanitetsmedlemmene fekk rydda litt på uteområdet for det.
Inne var det rå å varme seg på ein kaffekopp både for dugnadsgjengen og dei som kom med kleder.
Kledene blir henta allereie i kveld, så den som ikkje vann seg til denne gongen får vente til neste års innsamling.