Laurdag var det storstila bacalaodag i Forsamlingshuset på Nordvik. Etter fleire år med tradisjonell balldag, var det på tide å bryte denne tradisjonen med ny meny og altså heimelaga bacalao. Og på kjøkenet auka sjølvsagt spenninga etter kvart som det fyltes opp med bilar på parkeringsplassen, og med folk i salen. Vart det nok bacalao? Det var dekt på til 50 personar i storsalen, men det kom over 50 og det laut dekkjast nye plassar. Og så vidt vi kunne observere så vart det nok bacalao til alle, og det var nok fleire som nytta høvet til å fylle på att litt. Etterpå var det fruktsalat med krem og vaniljesaus til dessert og kaffe. Det var nok mange som hadde lite plass att til desserten, når bacalaoen var fordøyd.
Oddvar Mikkelsen, som er ledar i grendautvalget, nytta høved til å informere om dei siste planene for fjorkryssing med tunnel under fjorden. På siste plankartet som er laga svingar vegen frå Rabbleet og vidare over ekrene nedafor Oppistua til tunnelinnslag like ved Geilhaugen. Nordvikgardingane var ganske opprømte over at vegen er lagt rett gjennom nyhusa i Pehagen og rett gjennom det nye fellesfjøset i Bortistua før den når tunnelinnslaget ved Heilhaugen. her har nok vegvesnet bruka gamle kart under planlegginga ettersom dei to husa som blir berørt ikkje er komne på kartet. I tilfelle det blir undersjøisk tunnel mente Nordvik at det var betre å få tunnelinnslaget lenger ut ved Åsbøen.
Blir det alternativet med tunnel frå Todalen til Ålvundeid som blir valgt, er det fortsatt stor enigheit på Nordvik om at det beste alternativet er å legge vegen i skogkanten ovafor Nordvik-gardane.
Bildegalleri fra den store bacalaodagen i Forsamlingshuset på Nordvik. Alle foto: Jon Olav Ørsal