Rundt klokka 13.30 i dag var det kanskje fleire som observerte røyk nede i Haltbakken på Nordvik. Til alt hell var Per Egil Fiske ute på søndagstur saman med familien og valde å svippe nedom for å sjå. Han er med i det lokale brannvesenet på Kvanne, og hadde muligens ein anelse om at noko var gale, ettersom det var i går pinseaften og bålbrenning mange stader og helligdag i dag. Intuisjonen stemte, for når han kom ned mot gapahuken brann det i stien og platten nede ved nausta og samingsplassen.
Per Egil fekk derfor varsla 110- sentralen som slo ut alarmen til resten av brannvesenet på Kvanne som kom raskt på plass for å hjelpe til. Han og kona byrja sløkkjearbeidet på gamaldagsvis med bøtter og vatn til brannbilen kom og tok over og fekk kontroll på ein situasjon som absolutt kunne vorte meir alvorleg.
Årsaka til brannen er mest sannsynleg at ei glo frå bålbrenninga i går kveld hadde fått ligge og ulma, fortel Fiske. Vinden gjorde deretter sitt til å antenne skogbotnen, som no er veldig tørr. Ver derfor forsiktig med åpen ild oppfordrar han.