Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påtroppande og avtroppande i fylkeslaget…

Jon Olav Ørsal Sundag 27. april 2014

Denne helga har det vore fylkesårsmøte i Møre og Romsdal sanitetsforening. Etter valet er det klart at det blir leiarskifte, etter at Elinor Bolme frå Todalen tek over leiarklubbe etter Solveig Fosseide frå Rindal. Fylkesårsmøtet har foregått på Hotell Alexandra i Molde, der det har vore fleire utsendingar på plass frå Todalen sanitetsforening, fortel Ragnhild A. Moe som har sendt oss bilete frå årsmøtet.

59 sanitetskvinner frå heile Møre og Romsdal var samla til NKS 71. årsmøte i Molde i helga.  Foto

59 sanitetskvinner frå heile Møre og Romsdal var samla til NKS 71. årsmøte i Molde i helga. Foto

Elinor rykkjer dermed opp frå nestleiarplassen i som ho har hatt i forrige periode. Elinor er også styremedlem og leiar for beredskapsgruppa i Todalen sanitetsforening.

IMG_9363

Elinor Bolme er ny fylkesleiar i Møre og Romsdal sanitetsforening. Foto: Ragnhild A. Moe.

 

 

Publisert: 27. april 2014, 13:52