På Nordmøre Folkehøgskule er det ei gruppe som har avspenning som valfag. I dag har heile gruppe på 13-14 personar vore i Todalen for å spenne ned å gjera seg litt kjent med Todalen og kva bygda har å by på, fortel Kjell Gunnar Polden som er er læraren deira, og kjentmann på turen.
I todalen har dei vore innom Kaffekroken på Halsbua, og der nytta dei høvet til å feire burdagssongen for Sunniva Haans – ein av elevane som hadde bursdag i dag. Handelsmann Nordvik kvitterte med servering av bollar, skulebrød og wienerbrød med tilhørande kaffe, te og kakao. Det vart eit reint så triveleg selskap, fortel Polden til Todalen.no.
Etterpå vart det både fotografering ved drivstoffanlegget – HalsOil promoterer seg nemleg med verdas beste drivstoff og er nok difor litt av ein sesasjon. På turen vart det også tid til å prøve seg på Gammelvegen og Svinvikrunden så dermed vart det også litt trim og frisk luft etter bursdagsfeiringa.