Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avslutta sesongen med heder og ære

Elinor Bolme Sundag 1. november 2015

Laurdag hadde G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen si avslutning av ein lang fotballsesong. Dei var samla i Bondehuset i Stangvika, etter at dei fleste av dei tidlegare hadde delteke på IL Surnadal sin BUA-cup med blandalag. I Bondehuset hadde lagledarer og trenarar rigga i stand langbord med servering av både pizza, brus, kaffe og kaker.

Som tidlegare år er het høgtidleg utdeling av årets toppscorar og sesongens beste spelar, med kriterier som inspirerande, motivator, utvikling og sosial. Kevin Anders Brusethaug vart årets toppscorer for andre året på red, mens keeper Helge Madaus vart kåra til årets spelar av sine lagkompisar.

image

Utdeling av diplom og bilder frå Norway Cup.

 

image

Alle deltakarane på Surnadal IL sin BUA-cup 2015.

Sesongen blir ikkje avslutta før etter neste helg, sidan laget skal til Kristiansund på Dahlecup laurdag og søndag.

Publisert: 1. november 2015, 19:30