Nils Erik Ulset signerte historieboka med ein flott 8.-plass i dagens 12,5 km skiskyting. Dagens skyting enda med 2 bom – i første og tredje skyting – medan det vart fullt hus i 2. og 4. skyting. Dermed sette Nils Erik punktum for ein lang og innhaldsrik karriere.
Først i mål på dagens konkurranse kom franskmannen Benjamin Daviet, medan MarkArendz frå Canada kom på andreplass og Grygorii Vovchynskyi frå Ukraina kom på tredje.
Sia Nils Erik debuterte i Paralympics i Salt Lake City i 2002 har han henta heim tilsaman 30 medaljer frå Paralympics og para-VM – det står det jammen respekt av. Det vart bronse sist, for 4 år sia og gull for 12 år sia.