I går kveld var damene i Todalen Sanitetsforening samla på Pakkhuset pub for avslutning med sosialt samvær. Der vart det servert spekemat med husets potetsalat før det vart is og kaffe. Etter en sesong fra sist på august og frem til disse tider bruker saniteten å ta ferie på sommeren. Men ikkje riktig enda, for neste tirsdag blir det dugnad ute rundt Sanitetshuset for å ta litt forefallande rundt veggane.
Sanitetsdamene har og teke på seg å hjelpe til under Vandrefestival araangementet på Kårvatn på august, og er det nokon som kunne tenkt seg å vere med på det, er dei hjarteleg velkomne til det, oppfordrar May Elisabet Holten som er ansvarleg for denne gjennomføringa.
Tilslutt vart det både quiz og ei ei lita utloddning av ymse slag, med høg stemning som det brukar å bli.