Frå styret i Nordvik Grendalag har vi fått melding om at grendalaget følgjer oppfordringa til regjeringa om å avlyse alle planlagte arrangement på grunn av koronasituasjonen.
Seterrennet på Nordviksetra har lange tradisjonar, og det er faktisk over nitti år sia det vart arrangert første gong. No er det imidlertid tid for å ta del i den nasjonale dugnaden for å hindre spreiinga av koronasmitta.