Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avlyser julebordet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. november 2022

Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag sitt planlagde julebord 3. desember blir avlyst. Grunnen er for få påmeldte til julebordet. Det er mykje arbeid som ligg bak det å arrangere og lage god og variert mat til eit julebord. Vurderinga er at responsen, i form av påmeldte, ikkje står i forhold til dette arbeidet, og det er difor bestemt å avlyse julebordet. 

Det blir no arbeidd for å prøve å få til eit «gamaldags» jullag, med kålrotstappe, pølser og koka flesk, i løpet av januar. 

Publisert: 23. november 2022, 08:00