I ei melding frå Kristian Ranes no i kveld, har vi fått beskjed om at annonserte «Bøy og tøy» torsdag 9. desember må avlysast. Dette er ein direkte konsekvens av koronasituasjonen og dei nye smitteverntiltaka i samband med dette.
Kristian understrekar at det framleis er lov å gå seg tur, berre ein hugsar å bruke piggsko eller isbrydd!
Til slutt ønskjer han alle God Jul!