Dei to FAU ved henholdsvis Todalen og Stangvik Oppvekstsenter har etter ei vurdering i dag bestemt å avlysa bli-kjent arrangementet ved Todalen Skule i morgon. Etter vermeldingane å døme er det meldt rett og slett dårleg nordmørsver med mykje nedbør i tidsrommet arrangementet var planlagt. Leiar i FAU ved Todalen Oppvekstsenter, Turid Hals Sæther seier til todalen.no at lokala blir litt små med såpass mykje folk invitert, så det lyt vere litt betre ver enn meldingane seier. Vi utsett det difor på ubestemt tid.