Styret i Todalen historielag har i kveld vedteke å avlyse årets årsmøte. Årsmøtet skulle eigentleg vere i mars, men vart utsett på grunn av smittevernreglane til komande tysdag den 15.juni. Restriksjonane som framleis gjeld gjer at Todalen historielag no altså vel å avlyse årets årsmøte.
Todalen historielag satsar difor heller på å kunne gjennomføre eit heilt vanleg og ordinært årsmøte på mars neste år, heilt utan restriksjonar.