Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avklaring om skyteprøven for storviltjegrar

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mai 2020

Det har lenge vore uklart kva som skal skje med skyteprøven for storviltjegrar – blir det oppskyting på vanleg måte eller blir det ikkje?  No har Miljødirektoratet avklara mykje av denne usikkerheita ved at dei har beslutta at storviltjegrar som tok prøven i 2019 får forlenga godkjenning også for 2020-sesongen.  Nye jegrar må derimot ta skyteprøve på vanleg måte. 

På denne måten vil det bli mindre trøkk på skytebanen og dermed muleg å gjennomføre skyteprøven på ein trygg måte, for eit begrensa antal jegrar. Dette kan du lese meir om på nettsidene til NJFF. Vidar Nilsen, jaktskytekonsulent i NJFF​​ seier at han har stor tillit til at jegrane opptrer seriøst og ansvarleg og at haustens jakt vil foregå på ein human og sikker måte ogå i år.

SJFF er medlem i Todalen.no

 

 

Publisert: 1. mai 2020, 09:13