Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avisutklipp frå 1975

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. juli 2024

I eit av albuma med samling av avisutklipp i stua på Sanden på Smøla, var det eit interessant minne for todalingar. Avisutklippet er frå 10. juli 1975 og handlar om fotball.

Teksten er som følger:

«Nybanen innviet med seier

Idrettslaget Væring på Veidholmen innviet lørdag sin nye bane, som ligger ved ungdomshuset på Veidholmen. Hjemmelaget spilte mot Todalen og sikret seg en meget populær 4 – 2 seier. Innfeldt på bildet Jann Kristoffersen fra Væring og formannen i Nordmøre Fotballkrets Karl Gundersen. Sistnevnte dømte for øvrig åpningskampen. Det var 300 tilskuere.»

Denne turen til Smøla er også omtala i boka «Todalen Idrottslag 100 år. 1908 – 2008»:

«Todalen var første laget som spelte mot Væring på den nye heimebanen deira på Veidholmen. Til denne opningskampen leigde laget båt med avgang frå Valsøyfjord. Og det kan vel nemnast at dette temmeleg sikkert er første og einaste gongen at NAF si vegbok har vore nytta i navigering til sjøs, og det er første og siste gongen at akkurat valde innsegling til Smøla har vore nytta, i alle fall i følge dei fastbuande der ute! Kanskje ikkje så rart at somme difor tok bussen heim att!»

Utdrag frå fotballvise frå 1975:

Til Veidholmem ble kursen satt, med veikart og med draft,

men fram vi kom så alt for seint, og kampen den vi taft.

Det er nok mange her i Todalen som minnest denne reisa og kampen.

Er det nokon som veit namnet på todalingen på biletet? 

Oppdatering: Todalingen på biletet er John Moe! Takk til Ragnhild som kjende fotballspelaren. Knut Halset og Einar Husby scora kvart sitt mål for Todalen.

Først publisert: 5. juli 2024, 21:50 - Sist oppdatert: 7. juli 2024, 19:06