Heile 121 solgte startnummer til årets Ræta opp må seiast nok ein gong å vera ein suksess. Ansvarleg Ingvild Kårvatn melder i etterkant om at heile 10450 kroner kom inn under dagens mosjonsløp, pluss at Surnadal Sparebank har sponsa deltakarbevis for alle.
Pengane går i år uavkorta til Diabetesforbundet lokalt her på Nordmøre, og dei hadde også stand på Bordholmen for å vise fram organisasjonen sin til alle dei frammøtte.
I år var det Håvard Gjeldnes som stakk av med seieren, og slo også til med ny løypetid (?) framfor Halvor Drøpping og Stig Mikkelsen i klassen over 15 år. I klassen under 15 år var det halsaguten Martin Lundamo Aakvik som kom først. På andreplass kom Scott Kvendset og Malin Einmo på tredjeplass. Ellers var mosjonsløpet satt på idealtid, der Anita Stavik kom nærmest tid.
Nytt av året var eit eige knøtteløp. Dette starta rett før «stor-løpet» og gjekk ein runde rundt løpebanen på Bordholmen. Ein god del barn stilte opp på dette. Her var det også lagt inn to hinder på turen rundt banen.
Under er eit galleri frå løpet opp Ræta. Alle foto: Elinor Bolme/Jon Olav Ørsal.