Vi gikk ut av Støren Interkomunale Realskule for snart 100 år sia, gliser Kari Kvendset som er vertinne for ein heil gjeng med klassekameratar som har kome på besøk. Dei var 31 elevar i avgangsklassen i 1961 – i dag var 14 av dem samla hos Kari i Todalen.
Når dei gikk ut i 1961 så rekna vi fort ut at det er 63 år sia dei avslutta skulegangen på Støren Interkomunale Realskule. Men avgangsklassen i 1961 har treftes jamnt og trutt, og halde kontakten i denne perioden. Og det høyrtes ikkje ut som dem mangla samtaleemner, for praten gikk lett dem i mellom. Kari diska opp med nystekte bakels, og dei fleste trur vi lika godt og prøve kombinasjonen graut og bakels til kaffen.
På Gammelfabrikken fekk dei omvisning, og var ei lydhøyrt og interessant publikum til presentasjonen av Talgøhistoria gjennom 125 år i Brusetmarka. Etter stoppen på Gammelfabrikken gikk turen vidare til Kårvatn og etter kvar på heimebesøk til Kari.