Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avfallshandtering på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. juni 2020

Todalen sokneråd har gjort ein innsats for å handtere avfallet frå kyrkjegarden på ein betre måte, fortel leiar i soknerådet Kristian Gjeldnes.  Det blir utruleg mykje avfall frå kyrkjegarden gjennom eit år og soknerådet er opptekne av å handtere dette på ein god måte, både for besøkande på kyrkjegarden og for tilsette i kyrkja. 

Difor tek dei til miljøet, med sortering av avfallet og dei tek hensyn til at handteringa skal være i tråd med smittevernsreglane som gjeld til ei kvar tid.  Med tanke på handtering av av utrangerte blomster, busker og anna organisk avfall er det etablert ein kompostbinge ved porten til den øvre parkeringsplassen.  Men her skal du sjølvsagt ikkje kaste plast og metall og anna avfall, berre organisk avfall som kan gå attende til naturen!

Plastikkposer, restar av blomsterpotter og anna avfall hives i søppelkontaineren. Foto: Jon Olav Ørsal

Når du plukker vekk resten av avfallet, som da blir ei blanding av papir/plast og metall så kastes det i dunken som er merket for «søppel». Restar av batteridrivne lykter skal  imidlertid  handterast som elektrisk avfall, og det skal du ta med deg heim og levere på godkjent avfallsplass. 

Ved sida av den nye kompostbingen ligg det ein jorddunge. Den er til fri avnytting for dei som steller gravminna på kyrkjegarden, og kan brukat til å bytte ut eller fylle på med blomsterjord på gravminna.

Søppelkontaineren står ved den vestre porten – her kastar du restavfall. Foto: Jon Olav Ørsal

På grunn av smittefaren skal portane stå opne heile tida no i koronatida. Foto: Jon Olav Ørsal

Når du skal kaste gamle planter så tek du av platpostta før du hiver planterestane i kompostbingen og potta i søppelkontaineren. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. juni 2020, 10:20