Todalen sokneråd har gjort ein innsats for å handtere avfallet frå kyrkjegarden på ein betre måte, fortel leiar i soknerådet Kristian Gjeldnes. Det blir utruleg mykje avfall frå kyrkjegarden gjennom eit år og soknerådet er opptekne av å handtere dette på ein god måte, både for besøkande på kyrkjegarden og for tilsette i kyrkja.
Difor tek dei til miljøet, med sortering av avfallet og dei tek hensyn til at handteringa skal være i tråd med smittevernsreglane som gjeld til ei kvar tid. Med tanke på handtering av av utrangerte blomster, busker og anna organisk avfall er det etablert ein kompostbinge ved porten til den øvre parkeringsplassen. Men her skal du sjølvsagt ikkje kaste plast og metall og anna avfall, berre organisk avfall som kan gå attende til naturen!
Når du plukker vekk resten av avfallet, som da blir ei blanding av papir/plast og metall så kastes det i dunken som er merket for «søppel». Restar av batteridrivne lykter skal imidlertid handterast som elektrisk avfall, og det skal du ta med deg heim og levere på godkjent avfallsplass.
Ved sida av den nye kompostbingen ligg det ein jorddunge. Den er til fri avnytting for dei som steller gravminna på kyrkjegarden, og kan brukat til å bytte ut eller fylle på med blomsterjord på gravminna.