Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avduking av informasjonstavle

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. juni 2018

Nordvik grendalag og Todalen historielag har fått laga ei informasjonstavle om Svinvikrunden. Det blir avduking av tavla onsdag 6. juni i Svinvika. Dette skjer kl. 19.00.

Informasjonstavla er ein del av turskiltprosjektet som Nordvik grendalag har arbeidd med i fleire år. Tavla som har både kart, bilete og tekst, fortel om rundturen frå Svinvika rundt om Kammen og Snøya og tilbake langs Gammelvegen frå 1938. Onsdag kveld blir det altså høgtideleg avduking av tavla.

Avdukinga skjer som nemnd klokka sju der turløypa opp Gammelvegen startar. Kaffeen i Arboretet held ope denne kvelden, så det blir høve til å kjøpe seg kaffe og noko godt å bite i. Etter kaffepausen kan det bli fint å ta ein runde i turløypa – Yr melder kveldssol.

VEL MØTT!

Fint å rusle i den idylliske Gammelvegen. Foto. Dordi J H

 

Først publisert: 4. juni 2018, 20:48 - Sist oppdatert: 6. juni 2018, 08:05