Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aursjøvegen – Kortreist, vilt og vakkert!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. juli 2024

Vi har fått eit reisebrev frå Team Karen Johanne Talgø og Kjell Gunnar Polden som har køyrt Aursjøvegen. Det vart ein kortreist, vill og vakker tur. Reisebrevet kan du lese nedanfor:


For den som bor i Todalen eller området rundt, er det ein kortreist, vill og vakker tur om Aursjøvegen. Opplevingane står i kø på turen, som er både spektakulær og innhaldsrik. Dette er ein rundtur som startar i Sunndal, og kan kjørast i begge retningar. Vi valgte å køyre opp Litldalen og kome ned til Eikesdalen. For den som har retteleg høgdeskrekk kan det vera litt nervepirande å sitte ytterst mot vegkanten, og bobil eller campingvogn er vel heller ikkje å foretrekke.

Turen er prega av ville fjell med fine fossar, og ein kan oppleve det historiske «rallarlivet». Hårnålssvingane kjem på rekkje og rad, og i Finnsetlia må du gjennom ein mørklagt vendetunnel. Vil du bade i ei flott jettegryte har du sjansen til det. Rasteplassane er mange om det er på utsiktspunkt eller ved ein klar sildrebekk. Oppe på fjellet ved Torbuvatnet ligg Torbuvollen. Her kan du få ein matbit, eller du kan kjøpe av produkta dei lagar der.

Aursjøhytta er også eit fint alternativ for stopp, der du kan gå over den enorme dammen, sjølve monumentet over kraftutbygginga.

Når du kjem inn i Eikesdalen kan du gå turen opp til Mardalsfossen med fritt fossefall på 297 meter og total høgde på 655 meter.

Både Eikesdalen og Eresfjorden har flotte landskap. Prestegarden der Bjørnstjerne Bjørnson vaks opp er noko å få med seg. Der ligg det også fleire gravhaugar frå tidleg vikingetid.

Føler du for ein middag er ikkje Eidsvåg plassen med særs avgrensa utvalg, men da er turen kort til Sunndalsøra.


Bilete frå turen ser du nedanfor:

Publisert: 26. juli 2024, 08:42