Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Auka fokus på eigenberedskap

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. mars 2022

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, der vi er vande til at det meste fungerer som det skal. Men vi er heilt avhengig av straum, vatn og internett – og nettopp der er vi mest sårbare. Situasjonen i Ukraina gjer at myndigheitene i desse dagar har auka fokuset rundt det med eigenberedskap og enkle råd for å vere best mogleg rusta, dersom ein krisesituasjon skulle oppstå.  

Dersom samfunnet blir råka av ei omfattande hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Om ein er mange som er i stand til å ta vare på seg sjølve og dei rundt seg under ei hending, kan ein sette inn hjelpa der behovet er størst. På den måten er ALLE ein viktig del av beredskapen i Norge.

Enkle grep for å styrke eigenberedskapen.

I lenka under kan du lese brosjyren til Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) der dei har lista opp grunnleggande ting du bør ha tenkt gjennom, og konkrete eksempel på korleis du kan klare deg sjølv i minst tre døgn dersom ei alvorleg hending oppstår.

«Du er ein del av beredskapen i Noreg – Råd om eigenberedskap»

På «sikkerhverdag.no» finn du DSB sine råd og tips til eigenberedskap og førebygging av ulykker i heimen.

Viktige naudnummer:

  • Brann og redning 110

  • Politi  112

  • Akutt medisinsk hjelp 113

  • Legevakt 116 117

Publisert: 4. mars 2022, 08:18