Anders Gjeldnes sitt i soknerådet i Todalen, og er innimellom vert i kyrkja i samband med gudstenesta. Etter gudstenesta i dag tok han nokre bilder av attgløymte ting i kyrkja, og lurer no på om det er nokon som kjenner att nokre av tingane. Det er alt frå sko til refleksvestar og mykje anna.
No lurer han på om vi kan etterlyse rette eigarane gjennom Todalen.no, og det gjer vi ved å leggje ut bileta vi fikk frå Anders. Er du rette eigaren til noko av dette, så ta kontakt med Anders Gjeldnes på telefon 952 45 921, eller e-post: agjeldnes@hotmail.com