Det er Sven Olav Svinvik som seier det, når han peiker ned på 6-7 gamle vindu som ligg slengt mellom gammelvegen og sjøen i vika innafor kammen. Nokon har rett og slett stoppa og lempa ein heil palle med gamle vindu nedover skråninga mot sjøen. På eit par andre plassar var det også hiva fleire sekkar med søppel, som ein av dei andre grunneigarane i område har rydda bort i dag.
Sven Olav Svinvik er grunneigar i Svinvika, og er oppteken av at det skal sjå ordentlig ut rundt vegane på eigedomen sin. Han er skuffa over at folk har grisa til slik på eigedomen, og vil no ta affære for å hindre dette. Både gammelvegen som går nedmed sjøen og den enda eldre vegen som går gjennom Svinvikkleiva er mykje bruka som tur- og friluftområde. Difor er det viktig at området ikkje blir forsøpla og tilgrisa på denne måten, seier han.
Han setter no sin lit til at den som har hiva dei gamle vindua her, sørgjer for å rydde opp og frakte dei dit dei høyrer heime. Det er nemleg på den nye Miljøstasjonen på Syltøran. Dit skal slikt avfall fraktast og sorterast. Surnadal kommune kan kanskje hjelpe til med litt skilting om forbod mot kasting av avfall i området rundt gammelvegen innafor Svinvika.