Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Astrid Overaa med «mimrestund» i Todalen ungdomshus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. november 2022

Måndag 7. november klokka 14:00, inviterer Teatret Vårt til «mimrestund» med Astrid Overaa i Todalen ungdomshus. Fordi «Den kulturelle spaserstokken» i Møre og Romsdal fylkeskommune støttar denne «lune stunda» økonomisk, så er til og med  fri inngang!

«Da e va lita» …va byen vår litt annerledes. Vi sang andre sanga og leika andre leika. På lørdagskvelden hadde vi ikkje taco eller pizza, men mamma mi laga gode skive med fiskepudding og majones-smilefjes på. Så hørte vi på Barnetimen på radio. Da e va lita gikk tida litt saktere. Eller gjorde den egentlig det?

Den folkekjære skudespelaren Astrid Overaa er tilbake i Surnadal, eller rettare sakt Todalen, for å synge og fortelje om korleis det var å vekse opp i Ålesund. Ho mimrar tilbake gjennom både morosame og såre historier i selskap med viser og songar som har følgt ho – og Jan Gunnar Åkre er med og bidreg, ved å spele piano til songane.

Dette femti minutt lange stykket frå Teatret Vårt har blir arrangert av Surnadal kulturhus, som denne gongen altså har valt å legge det til Todalen ungdomshus, og da på ei tid da dagslyset framleis held stand – klokka 14:00 på måndag!

Surnadal kulturhus ønsker alle velkommen til Todalen ungdomshus!

 

Først publisert: 5. november 2022, 12:00 - Sist oppdatert: 6. november 2022, 09:30