Asle Beck og Eirik-André Rydningen rakk akkurat å runde av friluftskonserten på bakkan framfor Todalshytta før regnet meldte sin ankomst. Det er jammen ikkje mange kveldane i løpet av sommaren at ein kan oppleve så fine kveldar, og kan nyte eit musikalsk kulturprogram som hadde høve til i kveld. Det er heilt fantastik å kunne nyte så flott musikk, og samtidig kose i sommarkvelden.
Asle Beck bidrog med eit variert program av både kjente og ukjente – og nye og gamle visetekster, og klarte å skape ein god atmosfære denne sommarkvelden. Og publikum tok i mot og applauderte til dei to på scena. For Todalshyttas folk var det også travelt – i sommarvarmen var det godt å kjøle seg ned litt og gjenopprette væskeballansen eller å smake på den nye menyen som Edits Spiseri har å by på – spesialmeny for kvelden konsert var bacalao smakte fortreffeleg.
Asle klarte å skape ein triveleg kveld med sine mange småhistorier mellom dei til saman 14 songtekstene han framførte, mellom anna fortalte han frå låtskrivarseminaren han deltok på i regi av Todalshytta i 2015, da han saman med Jeff Wasserman og Elg – resultatet frå det møtet vart songen «Alt er nå» som han framførte. Sjølvsagt vart det også eit par ekstranummer før Asle og Eirik-Andrè runda av med «Skur 55» som næarast er kjnningsmelodien til Asle Beck.