I sommar får vi gjenhør med musikaraen Asle Beck. Nærare bestemt så skjer det laurdag 5. juni når han entrar scena på Todalshytta igjen. Da er det temmeleg nøyaktig 5 år sia sist vi hadde besøk av Asle, som i 2016 hadde konsert her saman med kompisen Gunnar Westlie. – Ja, tida går fort, gitt, seier Asle når vi konfronterer han med at det er 5 år sia sist.
– No er det klart for todalstur igjen, og eg gler med på nokre dagar fri saman med familien! Planlegg å ta med fiskestanga og tursekken, slik at livet kan nytes og vi kan stifte nærare kjennskap til todalsnaturen. Konserten blir på Todalshytta laurdag 5. juni kl 17, men vi reknar med at det blir langhelg i Todalen denne gongen.
Det er travle tider for Asle Beck som no jobbar med nye ting, og kanskje vil vi få smakebitar frå den nye produksjonen under konserten i Todalen. Asle Beck deltok på låtskrivarseminaret som vart arrangert sommaren 2015 og har seinar gjeve ut «Alt er nå» som var skriven på Todalshytta den gongen. Vi kan også minnast «Raus 2015»-konserten som vart arrangert i 2015 som trekte fullt hus i konsertlokalet på Gammelfabrikken.
Vi kjem att med meir infor om konserten på Todalshytta etter kvart som tida nærmar seg….