Vi trudde mesta at det var asfaltering av Ansnesvegen som var på gang da Veidekke passerte utover forbi Todalsøra med ei kollonne på 6-7 bilar med utstyr for asfaltlegging i morgontimane. Men det var nok vel optimistisk å tru det, så ved nærare ettersyn så stoppa bilkollonna på Ansnessaga. Og der var det asfaltering av plassen framfor saga som stod på programmet. Så oppdragsgivar var MøreTre og det ein del av lagerplassen som fikk ny og svart asfalt denne gongen, fortalte sagmester Palmer Vikan ved MøreTres avdeling i Todalen.
I tillegg skal det asfalterast ein del av plassen rundt Talgø-fabrikken på Kvennset, dette arbeidet blir nok også sluttført i løpet av tysdag eller onsdag. Det er Veidekkes avdeling på Åndalsnes som har utført oppdraget, og asfalten er levert met båt og teke i land på kaia vei Rossåa Settefisk ved utløpet av Rossåa.
Sjå bilda frå asfallegginga på Ansnessaga og ved Talgø-fabrikken nedafor. Foto: Jon Olav Ørsal