I dag tidleg starta Veidekke med asfaltlegging på plassen framfor lagerbygget og elementfabrikken i Todalen. Heile plassen der er fylt opp og klargjort for asfaltlegging dei siste dagane, og det er rundt 2000 m2 med ny asfalt som legges. I tillegg skal asfalten repareres i Halsasvingen og nokre bitar på kommunevegen mellom Pilskaret og Øyabrua.
Asfaleten er komen med båt til Surnadal og er frakta innover med vogntog i morgontimane. Det var 120-130 grader varme på asfalten, som er produsert i Kristiansund og frakta med båt innover til Surnadal. Det blir nok aktivitet og trafikk med asfalleggerutstyr utover dagen.