Neste veke blir det asfaltering av Bordholmvegen (FV671) og Brusetmelan (FV324). Da blir det litt trøbbel med trafikkavviklinga, fortel oppsynsmann Nils Erling Skaalvik i Statens vegvesen. Arbeidet startar alt måndag kveld(29.10), da all kaldasfalt skal graves ut og fjernes. Måndag kveld blir ikkje vegen stengt, men det blir etter kvart mange og store hol mellom Sandstad og Halsabrua.
Tysdag morgon startar sjølve asfaltlegging på Bordholmvegen, og da blir vegen stengt medan dette arbeidet pågår. Etterpå blir det asfaltarbeid i Brusetmelan. Det skjer sikkert onsdag, og da blir vegen stengt der også medan arbeidet. Etter plana er asfaltarbeidet ferdig på onsdag, fortel Skaalvik.