Måndag morgon starta Veidekke asfaltarbeidet rundt omkring i bygda. Asfaltarbeidet var planlagt før helga, men mykje nedbør og snøbyger i lufta gjorde at arbeidet måtte utsetjast til måndag. Måndag føremiddag starta arbeidet med asfaltering frå Hjellabrekka til Øyabrua – vidare kjem det til å gå slag i slag til alt er ferdig. Det er eit asfaltlag frå Veidekke som utfører arbeidet og transport av asfalten skjer frå Kristiansund i regi av Surnadal Transport.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2023/10/SandraStaven_fraAndalsnes_1535.jpg)
Sandra Staven frå Åndalsnes styrte bredda på asfaltleggaren. Sandra var einaste kvinna på laget, men trivdes godt med jobben som asfaltleggar. Foto Jon Olav Ørsal
Førebuingane til asfalteringa var gjort i førre veke, og det er berre 6-7 punkt med reparasjonsarbeid som blir utført denne gongen – tilsaman rundt 3800 m2. I tillegg er det asfaltarbeid mellom Ranes kyrkje og Åshaugen på Eidet – her blir det nok asfaltarbeid gjennom heile veka. Du må rekne med at asfaltarbeidet hemmar trafikken litt, og det er lurt å ha eit kvarter ekstra tid, dersom du skal nå ferga eller du har doktortime på gang.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2023/10/Vakter_Flatsetoy_1539.jpg)
Passa på trafikken. Torbjørn Vorpenes og Marcus Bjørsvik styrte trafikkavviklinga – Surnadal Transport organiserte transporten av asfalt frå kristiansund – her med bil fra Flatsetøy Maskin. Foto Jon Olav Ørsal