Dei siste dagane har det vore hektisk aktivitet på Surnadal hamn – den eine asfaltbåten etter den andre har lossa tilsaman 4.000 tonn med varm asfalt, og det har blitt heile 17.250 m2 med ny asfalt i hamneområdet. Det er Surnadal Hamneterminal som er oppdragsgjevar og Veidekke Industri som har utført oppdraget, fortel Karin Halle som er dagleg leiar i Surnadal Hamneterminal, og kommunalsjef i Surnadal kommune som er største eigaren.
Surnadal hamneterminal har tilsaman 31.000 m2 i hamneområdet, og dei siste dagane har altså over 17.000 m2 fått 2 lag med asfalt. Selskapet har 5 eigarar, der Surnadal kommune er den største med 53 %, og dei andre er Allskog, Kristiansund og Nordmøre Havn, Surnadal Havnelager, Talgø Invest. Totalt er det lagt opp til ei investering på 26 mill kroner, inkludert Ro/Ro-rampen. No er det investert rundt 7 mill på grunnarbeid og asfaltering som er på plass. Ro/ro-rampen er også på plass er også på plass – ei investering på rundt 15 mill, med finansiering fra Kristiansund og Nordmøre havn. Landbruksdirektoratet har bidrege med 4,2 mill til prosjektet.
Karin Halle som er dagleg leiar i selskapet tykkjer det er moro at dette noe er på plass. Det har vore jobba med dett i heile 25 år, og no er brikkane i ferd med å falle på plass, og alt har gått etter plana som er lagt opp og ho rosar SN-Entreprenør som har gjort eit grundig grunnarbeid i forkant av asfalteringa. Oppretting, drenering og førebuing til framtidig landstraum for skip er på plass, og ser bra ut. Det er foreløpig ikkje konkrete planer om å sette opp noe terminalbygg på området med det aller første. Først må det avklarast kva behov den eigarar og leietakarar har og sikre at ein har store nok leieinntekter til å finansiere eit terminalbygg. Men Allskog og PipeLife kjem til å ta i bruk plassen med det aller første.
Dette er største plassen vi har asfaltert i år, seier Kristian Mossing som representerer Veidekke Industri. Det er først lagt eit opprettingslag og så eit slitelag, og tilsaman er det lagt mesta 35.000 m2 asfalt dei siste dagane. Han fortel vidare at asfalten kjem frå Kristiansund med båt, og det er levert rundt 4.000 tonn til dette prosjektet og som sagt den største enkeltplassen vi har lagt i år i Nordmøre og Romsdal.
Neste veke er det MøreTre som står for tur, fortel Kristian mossing. Da skal det leggjast mellom 8.000 og 9.000 m2 på uteområdet, for å utvide lasteområdet og i tillegg skal det utførast ein del reparasjonar av gammal asfalt forstår vi.