Etter at Haukåbrua vart reparert og oppgradert med nytt rekkverk har asfaltering stått på vent. I går kveld vart siste innspurt gjort unna, og entreprenøren Veidekke la nytt asfaltdekke på brua og litt utom på kvar kant.
Arbeidet med reparasjon av Haukåbrua starta i slutten av januar, og vart fullført i mars. Skadeomfanget på brua var litt større enn ein først var klar over, og difor tok arbeidet litt lenger tid enn først planlagt.
Etter at reparasjonsarbeidet var fullført var det asfaltering over brua og litt til kvar kant som stod att. BMO Entreprenør jobba med fleire prosjekt i området, og det var planlagt at asfaltarbeidet skulle bli utført etter at selskapets prosjekt i området var sluttført. – For eit par veker sia vart det gamle asfaltdekket fresa bort, og i går kveld var det altså klart for å legge ny asfalt – så no er prosjektet sluttførst og klar for vinter.