I dag starta Veidekke med asfaltarbeidet som har vore planlagt. Først blir det eit par dagar med fresing av gammel asfalt, og så fortsett arbeidet med legging av ny asfalt, og Veidekke reknar med å bli ferdige til helga – dersom vêrgudane står dei bi.
Det er ikkje noko stort prosjekt med asfaltering som er på gang. Det skal legges ny asfalt på 6-7 punkt på fylkesvegane rundt bygda – tilsaman 3800 m2 på FV6145, FV6146 og FV6148. I same slengen skal det legges ny asfalt på nokre stubbar på Stabngvikvegen og på vegen til årnes/Hamnes.
Arbeidet kan være til litt forstyrring for trafikken disse dagane, så det kan lønne seg å starte ut eit kvarter tidlegare slik at du kan nå den ferja du har tenkt – eller tannlegetimen du har.